Maridalens Venner - landskap i Maridalen
   
Hjem

   
Om Maridalens Venner

   
Bli medlem

   
Kulturlandskap
      
Kulturmark
      
Artslister
      
Kart
      
Gårder
      
Kulturminner
      
Kulturhistorie
      
Naturgrunnlag
      
Forvaltningsplanen
      
Ferdselsveiplan
      
Stedsnavninnsamling
      
Rapporter

   
Kulturarrangementer

   
Maridalsspillet

   
Skjøtsel
      
Slåttemark
      
Beitemark
      
Kulturminner
      
Lærebøker

   
Vandringer

   
Kultur- og naturstier

   
Skar leir

   
Slåttemyra

   
Årbøker

   
Markaloven

   
Jordbrukspolitikk

   
Ord og uttrykk

   
Lenker
Hjem > Kulturlandskap > Slåttemark >  Vinterfôr
Fra Norges landbrukshistorie II, 1350–1814. Av Kåre Lunden.

Vinterfôr

Fra Norges landbrukshistorie II, 1350–1814. Av Kåre Lunden.

Høy frå innmark eller utmark var overalt berre ein del av vinterfôret. I tillegg kom halm, lauv, ris, beit, skav, bregnerøter, mose, lyng, tang, fiskeavfall, hestemøk i skiftande kombinasjonar. Ein har skilt mellom "regulært" fôr, "tilskotsfôr" og "naudfôr"; men alle dei nemde fôrslaga vart bruka regulært nok.


Lite av dette fôret vart dyrka. Ein viktig del, halmen, var likevel eit resultat av korndyrkinga. Havrehalmen var best. I Trøndelag i 1770-åra rekna Nissen tre lass halm og seks lass høy som vinterfôr til ei ku. På Hedmark ca. 1830 var halmen viktigaste fôret. Kua fekk der 4 kilo halm for dagen, over halve livnæringsfôret. Betydninga av halmen varierte med korndyrkinga; men nesten på kvar gard sør for korngrensa var halmen viktig. Det går også an å finne nokolunde kor stor del av vinterfôret i landet halmen utgjorde. Storfetalet var i 1723 ca. 510 000. Med levandevekt 200 kilo og innefôringstid 210 dagar trong kvart storfe til livnæring om vinteren 380 fôreiningar, 193,8 millionar fôreiningar i alt. (1 fôreining er fôrverdien av 1 kilo byggkorn eller ca. 2,5 kilo høy eller ca. 4 kilo halm.) Kor mykje kunne halmen dekkje av dette? Kornutsædet i 1723 vart sette til 270 000 tønner. Det kunne gje minst 66 000 tonn korn og 122 000 tonn halm. Halmavlinga utgjorde då 30,5 mill fôreiningar, 16 prosent av livnæringsfôret til storfeet i innefôringstida.

Overslaget kan høve med ei punktgranskning av Rennebu. Der dekte halmen 18,3 prosent av innefôringstrongen til storfeet i 1723, 25,8 prosent i 1660, 27,1 prosent i 1800. Kornavlen var der truleg noko viktigare enn i landet som heilskap. Truleg dekte halmen omkring femtedelen av innefôret til storfeet i landet i heile tidsrommet for dette bandet.


Arkeologi og skriftlege kjelder viser same grunntilhøva ved fôrsankinga frå år 1800 attende til mellomalder og forhistorie. Totalfôret er knapt, og utmarksfôret står sentralt. Lauvknivane ved sida av ljåblada frå vikingtida viser lauvet som regulært fôr då. Brev frå 1300-talet dokumenterer at menn drap kvarandre i tvistemål om ris og skav – avskrapa bork. Etter Landslova kunne leiglendingen berre avstå to lass skav til andre. Moldfôret, bregnerøtene i utmarka, var så viktig at det liksom skogteigane var utskilt som eksklusiv eige for dei einskilde gardane, og ikkje låg til felles bruk.

Av fôrslaga frå utmarka er skav, etter manns minne og eldre kjelder, særleg vel studert. Berre frå 35 herad (i 1960) vantar oppgåver om bruk av skav, mot 370 herad med slike oppgåver. 23 treslag er kjende som skavtre, vanlegast rogn (207 herad) og osp. Almebork vart berre bruka til fôr der folk ikkje trong denne til mat sjølve. Skav vart bruka til storfe, småfe, hest og jamvel noko til gris og høns. Der går frå 5,2 kilo – osp – til 6,3 kilo – fure – skav på ei fôreining, mot 2–2,5 kilo høy.

Når det gjekk opp mot 3 kilo skav på 1 kilo høy i fôrverdi, skulle det store mengder bork til, før skavet kunne forslå særleg som del av totalfôret. Betydninga til "hjelpefôret", det som kjem i tillegg til høy og halm, er elles berre sporadisk studert. Som døme på ei lauvebygd er nemnd Ullensvang i Hardanger, der dei i kjend tid, midt på 1800-talet, lauva 748 kjerv per bruk. Det høyrest mykje. Men eit lauvkjerv gjev 1 kilo utørka lauv, og det går ca. 4,5 kilo på fôreininga. 748 kjerv gjev 166 fôreiningar, vinterfôrbehovet til 1/2 ku. Etter medelbuskapen i Ullensvang i den tid, 8,7 kyr og 27 vinterfôra sauer og geiter, kan 748 kjerv ha dekt 1/30 av vinterfôret. Omrekna til produkt i folkemat tyder dette at 748 lauvkjerv per bruk gav 4 prosent av energiproduksjonen frå kornåkeren.

Langt mindre verdifulle fôrslag var beit og bar. Der går 14 kilo bjørkebeit – tynne kvistar – og 7–10 kilo bar på fôreininga. Det er nemnt at utmarksfôrslaga lauv, beit, skav, lyng, moldfôr, bar, mose, tang, tare osv. omkring år 1800 samanlagt for landet kan ha dekt 1/10 av vinterfôret, nok til å halde liv i heile buskapen i tre veker i vårknipa.

 

 


Les også:
Sankefôr og markaslått, fra Ove Arbo Høeg.

Historisk utvikling fra natureng til fulldyrkede enger (kunsteng)

Februk og fôrsanking i gammel tid

Jordbrukslandskapets og kulturmarkenes utvikling

Næringsstoffhypotesen (svensk: näringsämneshypotesen)

Historisk utvikling av gamle kulturmarker – med særlig vektlegging på naturbeitemarkene


dot


dot
E-post: maridalensvenner@mobilpost.no Maridalens Venner, Konvallveien 67, 2742 GRUA. Telefon 90 68 41 45
Ansvarlig redaktør: Tor Øystein Olsen. Støtt Maridalens Venners arbeid - kontonr. 0530 58 56349